Om Sylvringen AS
Lokalt guide selskap i Vik i Sogn som tilbyr guida turar i heile Vik kommune, samt midtre og indre Sognefjord.
Sylvringen blei skipa i 2016 med opphav i restaureringa av Refsdal kraftstasjon frå 1913. Etter at dette staslege bygget blei berga frå forfall ynskte ein å kunne visa fram resultatet til folk.
Ein såg at det ikkje var tilrettelagd for å kunne besøka alle dei historiske perlene som finst i Vik. Rett nok hadde Hopperstad stavkyrkje og Hove steinkyrkje gode besøkstal, men alle dei andre interessante objekta blei gøymd og gløymd for almenheita.
Med dette i tankane gjekk utviklinga av selskapet sakte framover. Ein starta med bussturar, og har sidan fått samarbeid med nasjonale og lokale aktørar.
Dei siste åra har me tilbydt turar til tilreisande turistar og cruise passasjearar frå heile verda.
I dag rår Sylvringen AS over mange kunnskpasrike gaidar som tar tilreisande med på og deler av den rike historia og dei unike attraksjonane Vik har å by på. Og me tilbyr guiding på norsk, engelsk og tysk.