Skip to Content

Hopperstad & Vikøyri

Opplev Hopperstad Stavkyrkje og strandsitjarstaden Vikøyri, med lokal guide


Opplev Vik gjennom historia


Bli med oss på ei vandring i historiske omgjevnader. Vi går mellom små pittoreske hus og naust som utgjer strandsitjarmiljøet på Vikøyri. Vi besøker eit av dei små husa som framleis står akkurat slik det blei forlatt i gamle dagar.


Turen inkluderar ein smaksprøve på gamalost. Gamalosten har sine røter i vikingtida. Det lokale meieriet er i dag det einaste meieriet i landet som produserer denne unike, tradisjonsrike osten. Saman med osten blir du servert bringebærjuice frå Vik. I Vik kommune blir omlag 25% av all bringebær for konsum i Noreg produsert.


Etter å ha besøkt Vikøyri og Blix Hotell, der ein smake Gamalost og Bringebærjuice, går me vidare oppover i bygda og får oppleve eit ope naturlandskap saman med vår lokale guide. Me besøkjer då Hopperstad Stavkyrkje der me får oppleve den 1000 år gamle trebyggningen både ute og inne.



Alle turane våre har blitt til gjennom samarbeid med våre partnarar og inkluderer inngang i Hopperstad Stavkyrkje og Voss Anders Huset.