Kvinnefossen med
MS Arnafjord
Opplev Sognefjorden og Kvinnefossen med MS Arnafjord
Varigheit: 2,5 timar
Ta ein tur med den resturerte veteranbåten MS Arnafjord, frå Vik kai, langs Sognefjorden, forbi Vangsnes og over til Kvinnefossen.
Turen passer spesielt godt for famliar og personar i alle aldrar. Det er mogleg å sitte i salong eller på dekk under overfarten.
Ein vil få ein fin tur med god oversikt over Sognefjorden og ein vil sjå den flotte fossen på nært hald, før ein returnerer til Vikøyri.
Båten er bygd i 1939 og har tidlegare vore nytta som agent båt, for Markus Nese.
For att turen skal bli gjennomført treng me minimum 8 personar påmelde, turen kan bli kanselert og refundert om det er for lite påmelde eller om ver eller andre forhold fører til att me ikkje kan gjennomføre turen som planlagd.