Skip to Content

Utmarkslåtter, linestrenger og stabbur i Vik

https://sylvringen.no/web/image/product.template/4189/image_1920?unique=a74f6b9
Som ein ser på framsida vert det i dette heftet fortalt om utmarkslåtter, løypestrenger og stabbur i Vik kommune. Om utmarkslåtter har det vore publisert før, i Pridlao 2-15 og 1-16. Men det høvde å trykka oppatt det og samla dette i eitt hefte.

Utmarkslåttene vert ikkje slegne lenger, og nesten ingen løypestrenger er heller i bruk, og dei fleste er borte. Stabbura står, men mange er til nedfalls, og ikkje lenger i bruk til sitt opphavlege føremål. Etter at kjøleskåpa og frysarane kom, vart ikkje stabbura lenger nytta slik som før.

Stabbura er ofte dei eldste bygningane på bygningane på ein gard, og nokre av dei som står enno er svært gamle. Men nesten ingen veit kor gamle dei er. Me har omtalt og har med foto av 118 stabbur i Vik kommune. 53 i Vik, 4 på Vangsnes, 28 i Arnafjorden med Strendene, 17 i Feios og 16 i Fresvik.

Rune Lee har skrive dei fleste tekstane og er den som har stått for innsamlingsarbeidet, eit imponerande arbeid. For Fresvik sin del er det Anne Marie Bøtun Øyri som har skrive tekstane og teke foto. Liv Engan har teke dei fleste fotoa av linestrenger, stabbura på Strendene har ho og fotografert. Fotografar elles har vore Arne Inge Sæbø og Rune Lee.

Det er gjort eit viktig innsamlingsarbied til dette heftet, som ei viktig kjelde for framtida.


  • Forfattar: Rune Lee og Arne Inge Sæbø
  • Utgjeve år: 2019

kr 200.00 200.0 NOK kr 200.00

kr 200.00

Not Available For Sale

This combination does not exist.

Terms and Conditions
30-day money-back guarantee
Shipping: 2-3 Business Days