Uteløer i Vik, Vangsnes og Arnafjord
Dette heftet gjev ein oversikt over utløer og nokre sommarfjøsar i Vik, Vangsnes og Arnafjorden. Fresvik har alt gjeve ut eit hefte, Feios vil få eit eige hefte seinare. Det er enormt med utløer i Vik kommune, i dette heftet er vel 850 løer og fjøsar omtalt. Mange fleire har det vore, og mange er sikkert ikkje komme med. Nokre er det att berre murane etter, nokre har rasa saman, nokre er heilt falleferdige og mange vil forsvinna dei næraste åri.
Utløene gjev eit verdfullt bidrag til soga om det gamle jordbruket i kommunen. Bylgjeblekktaki har redda mange utløer, men det er vårt håp om at fleire blir tekne vare på framover.
Mange utløer er berre nemnde med namn og kvar dei står, andre har me fleire opp- i
lysningar om. Byggemåten er stort sett den same overalt. Det er grindbygg, og ein i nytta det ein hadde tilgjengeleg.
Rune Lee har gjort mesteparten av registreringi og har gjort ein kjempejobb og har til saman sete mange timar i telefon. Takk til Liv og Arvid Engan som har tråla kommunen og teke foto. Me har valt ut nokre foto, det er umogeleg å ha bilete av alle. Kartfesting måtte me og gje opp, det vart for vanskeleg og arbeidskrevjande. Ein stor takk til alle som har gjeve opplysningar, det har vorte mange telefonar, men folk har vore velviljuge.
Her er heilt sikkert nokre feil, det har ofte vore vanskeleg å skilja løer frå kvarandre, feil namn kan det og vera, men det vil dei fleste forstå når ein ser på mengda av oppysningar. Men me tek gjerne mot rettingar.
Alt i alt er heftet ein god dokumentasjon om størsteparten av desse byggi i den gamle jordbrukskommunen vår.
- Forfattar: Rune Lee og Arne Inge Sæbø
- Utgjeve år: 2013

