Uteløer i Feios
Dette heftet fortel om utløer i Feios, både utløer som framleis står, der det er murar etter utløer eller der informantane veit det har vore utløer. Dermed er registreringsarbeidet for heile Vik kommune fullført. Det er tidlegare komme ut hefte om utløer i Vik, Arnafjorden, Vangsnes og eige hefte for Fresvik.
Der er med opplysningar om vel 200 uteløer. Så å seie alt registreringsarbeid er gjort pr telefon av Rune Lee, og det utan å vera lokalkjend i Feios. Det har sjølvsagt vore ein ulempe i arbeidet, og det er grunn til å tru at noko kan vera feil. Det har vorte svært mange telefonar, og me vil retta ein stor takk til alle som har hjelpt med opplysningar.
Liv Engan har teke nesten alle foto som er nytta. Stor takk til ho og mannen Arvid som har tråla utmark, lier og stølar.
Dette er ein viktig dokumentasjon for framtidi, for tidi for utnytting av utmarki er forbi. Mange utløer vil forsvinna dei nærmaste åri, og nye blir nok ikkje bygde.
- Forfattar: Rune Lee og Arne Inge Sæbø
- Utgjeve år: 2014

